Det finst i det minste ei teine i dette landet som har lov til å drive fangst. I Numedalslågen, nærare bestemt ved Kjærra-fossen i Lardal har dei lov, da på bestemte vilkår. No har vi vore der, og sett på teina.
Kjentmann Ole P. Skjerven viser oss Kjærra-teina. Denne er sentral i utviklinga av den fantastisk flotte Kjærra Fossepark, som ligg som ei vakker ramme på begge sider av Kjærra-fossen. Ei gangbru bitt saman teine-området, som er på aust-sida, med vest-sida, som er offentleg fri-område. På begge sidene blir det halde kultur-arrangement i sommarhalvåret.
- Vi har vore møtt med berre velvilje frå myndigheitene når det gjeld å drive teinefisket. Det er vidareføring av ein gammal fangstkultur som er dokumentert heilt tilbake til 1300-talet vi utfører her. Dette er vurdert så viktig at vi har fått Olavsrosa for Kjærra-teina. Det er Norsk Kulturarv sitt kvalitetsmerke, og som vi er
oppriktig stolte av. Vi har lov å fange inntil 400 kg fisk i teina. Det er utruleg viktig at vi får lov å bruke den. Utan fangstløyve ville Kjærra-teina ikkje ha fungert som attraksjon. Dette har vi fått sjå til fulle i sommar, da teinekassa har stått på land. I vinter vart anlegget skadd i isgang. Vi får ikkje reparert før vassføringa blir lita, seier Skjerven, når han syner oss teine-anlegget i ei flaumstor elv.
Han fortel vidare at det har vore stor pågang i sommar av folk som saknar drift på Kjærra-teina. Det er vel ikkje så rart når vi høyrer at det ofte kunne vere fleire hundre personar til stades kvar torsdag ettermiddag. Desse dagane klokka 1800 skjer nemleg opning av teina for å ta ut fangsten. Fangsten blir vege og auksjonert bort på staden. Dette er utruleg populært, både for tilreisande og lokalbefolkning, fortel ein engasjert Ole P. Skjerven, som var så velvillig å vise oss Kjærra-teina og Fosseparken.









