Kulturminne for år 2001 i Møre og Romsdal: Lakseteinene i Driva

Mellom 24 arrangement i fylket vart lakseteinene i Driva valt til kulturminne 2001. I høve den europeiske kulturminnedagen den 16. september 2001, fekk den einaste attverande restaurerte teina i Driva, Øvjuteina ved Fale bru, representere eit unikt kulturminne, eit kulturminne som framleis er levande, og i sitt opprinnelege miljø.

KULTURMINNEDAGEN
Felles årleg europeisk kulturminnedag, oppretta av Europarådets Kulturminnevernkomite. I Sunndal årleg markert sidan 1993, da kulturminnedagen vart etablert i Noreg. Dette etter initiativ av Miljøverndepartementet og Kulturdepartementet.
Kulturminnedagen skal bidra til å skape forståing og interesse for kulturminne og kulturmiljø. Gjennom ulike arrangement over heile landet tek ein sikte på å vise fram dei mange kulturskattane våre.

Les meir på kulturminnedagens nettsider

Explore posts in the same categories: Historikk, Kulturminne

Comment: