Hjelparane med flakagarden

3. april 2008

Marius Jektvik var dyktig med øksaI dag var vi heile fem karar i aksjon med montering av flakagarden – reine festreisa, må vite! Det kom hjelp, og samanhengen er denne: Jon Bojer Godal og Steinar Moldal leiar “Prosjekt Næmingar”, som er lokalisert i Halsa på Nordmøre. Geitbåtmuseet der, er hovudsete for ei stifting med det islandsk-inspirerte namnet Husasnotra. Rolf Trygve Lervik i aksjon med øksa Dette er ein ny-etablert lærestad for unge som vil lære tradisjonshandverk. Det er fagpersonar med svennebrev som spesialiserer seg i gamle tømrarteknikkar som tek ei tre-årig vidareutdanning på denne lærestaden. To av desse var Flatvadteina så heldig å få hjelp av eit par dagar. Desse er Marius Jektvik frå Nes i Hedmark, og Rolf Trygve Lervik frå Øksendal i Møre og Romsdal. I tillegg deltok Erling Vike frå firmaet Lervike ANS.

Erling Vike skrur stokkane fast på bukkaneNår så Knut og underteikna var med og representerte Flatvadteina, fekk vi gjort svært mykje denne dagen

Explore posts in the same categories: Bloggrull, Dagbok frå arbeidet, Handverk, Kulturminne

Comment: