Demgarden ferdig

7. april 2008

Nærast i biletet er demgarden. Etter ein lang arbeidsdag i dag, vart demgarden ferdig. Frå bygginga av demgardenSist fredag var vi også fem mann på det meste, så da gjekk arbeidet med demgarden fort framover. Fredag tok det litt tid før vi kom oss over vassflata. Det er viktig å få stokkane så nært til grunnen som råd. Dette kravde mykje tilpassing. Det er ikkje berre enkelt når det står så pass mykje vatn i elva. Men etter denne dagen er resten enkelt. Etter kvart må vi tette betre mot grunnen. Da må vi kile fast stein mot stokkane.

Explore posts in the same categories: Bloggrull, Dagbok frå arbeidet, Handverk, Kulturminne

Comment: