Oppsetting av demgarden

Den 4. april 2008

Det meste av tida i dag var vi dei same fem karane som i går. Og gjekk unna så flisene fauk i dag også. Vi kom langt iveg på demgarden. Som nemninga seier, skal den “demme” vatnet. Føremålet med demgarden er at den skal halde ein minste vass-stand gjennom teina i dei periodane på sommaren da det er lite vatn i elva. Det er viktig for at teina skal kunne fange fisk. Det synte seg snart at det var meir arbeid med demgarden enn flakagarden. Demgarden må vere så tett som råd, i motsetnad til flakagarden, som skal vere så glissen som råd. På demgarden tok det ein del tid å bearbeide stokkane så dei slepper igjennom minst mogleg vatn.

Explore posts in the same categories: Bloggrull, Dagbok frå arbeidet, Handverk, Kulturminne

Comment: