Inspeksjon frå kommunen
Det hender vi får besøk når vi jobbar ved teina. Det er veldig hyggjeleg. Da dreier praten seg som regel om teinene i Driva, og om laksen i elva før og no. I dag fekk vi formelt besøk, frå Plan-, miljø- og næringstenesta ved Sunndal kommune. Det var jordbruksrådgjevar Kristin Lilleeng Andersson og fagkonsulent jordbruk Marit Hjellmo. Det vart også eit hyggeleg besøk, for dei to gav uttrykk for at dei likte det dei såg. Det går også tydeleg fram av biletet.
