Teina kom i elva

11.april 2008

Teina kom i elva i dagNo er det alle som kan sjå at det går framover med jobbinga i elva. I dag kom nemleg teina på plass. Teina passa perfekt ned i tapphola på grunntrea vi gjorde ferdig i fjor vinter. I dag fekk vi festa dei ni aka til grunntrea med
tømmerhakar. Dei tre dynene vart felt ned på toppen av desse, før kinnbeia og nasen vart felt på tvers over desse igjen. Så fekk vi montert spølene på eine sida, lagt golvet og tilpassa to av dei seks sporlønene. Vi fekk også lagt nedste stokken mellom aket og haupålen. Den måtte tilpassast til elvebotnen.

Knut monterer spølerFørst på dagen var det Erling Vike, Knut og underskrivne som jobba her. Etter at Erling dro, kom Snorre Koht-Tøfte, og vi heldt på til klokka 20.00

Explore posts in the same categories: Bloggrull, Dagbok frå arbeidet, Handverk, Kulturminne, Turistattraksjon

Comment: