Teina ferdig
12.april 2008
I kveld står teina ferdig nedi elva. Vi greidde på to lange arbeidsdagar med godt mannskap å få den montert. Vi var på det meste fem karar i dag også. Vi skal ikkje stikke under ein stol at det er ei stor glede å sjå teina stå i sitt rette element. Det har vore både mange og lange dagar. Jobbinga nedi det kalde vatnet har ikkje alltid vore like kjekt. Men no er det verste gjort. No står att å lage flakagarden inn mot land. 
På denne fekk vi lagt opp strø-stokkane i dag. No må bukkane lagast til, før flakagard-kledninga kan monterast. Men denne flakagarden er langt lettare å lage, da vi slepp å jobbe nedi vatnet her – vel å merke om vårflommen held seg unna enno ei tid.