Teine og flakagardar er komplett
26. april 2008
No veit vi fullt og heilt at Flatvadteina er klar for fangst for denne sesongen. I dag klokka 21:30 var også flakagarden inn mot land ferdigbygd. Da gjekk nemleg siste bolten på plass. No er alt av tre og stål som skal stå fast i elva, kome på plass. Det er berre nokre små detaljar som står att, forutan oppryddinga, da. Det er ei glede å ha kome så langt med prosjektet. Det tunge, kalde, våte arbeidet i elva er fullført. No er resultatet synleg. Og så er det kjekt å få høyre så mange positive tilbakemeldingar. For det har det vore mange av i det siste. Tydeleg at sunndalingane likar å sjå ei gammaldags teine i elva igjen. For framande vil den vere eit blikkfang. Men kanskje kan teina også bli eit opplevingstilbod? Dette er vi i ferd med å finne ut meir om i desse dagar.