Klar for fangst 3. juni

Det blir spennande å komme i gang med den nye teina 3. juniTysdag 3. juni klokka 18.00 i 2008 blir fangststart for Flatvadteina. Fiskesesongen startar eigentleg 1. juni klokka 1800. Men da dette er ein søndag, er teina ramma av forskriftene for helgefreding. Teina kan berre fange laks og sjø-aure mellom tysdag klokka 18.00 og fredag klokka 18.00, altså i tre døgn i veka. Følg med på bloggen, så vil du sjå om det kjem fisk i teina. Det blir i alle fall spennande etter så mange år med teineforbod å kunne ta i bruk ei ny-oppbygd teine igjen.

Explore posts in the same categories: Dagbok frå arbeidet, Handverk, Historikk, Kulturminne, Turistattraksjon

Comment: