Sunndalsordføraren besøkte Flatvadteina
19. mai 2008
I dag hadde vi besøk av ordføraren i Sunndal, Tove Lise Torve. Til stades var også Jostein Trædal, som er ansvarleg for reiselivsplana i Sunndal. Torve følgde interessert med da vi synte korleis ei lakseteine er bygd og fungerer. Så no trur vi nok, at av dei folkevalde i Sunndal, så er det ordføraren som veit mest om korleis ei Drivateine er bygd og fungerer.
- Dette synes eg var veldig interessant. Artig å få komme og sjå ei ekte lakseteine, slik det var så mange av i Driva før. Det er prisverdig at eit kulturminne som dette blir halde i hevd, sa ordføraren da ho besøkte Flatvadteina i dag. Ho heldt fram: – Først og fremst er dette viktig for Sunndalingane sjølve, at dei kjenner sine kulturelle røter. Teinefangst var før ein viktig del av næringsgrunnlaget i bygda. Dernest ser eg at teina kan få stor verdi som reiselivsobjekt. Men det er ein stor ulempe at riksvegen er så nært, og gjer tilgangen til teina så vanskeleg. Gang-sykkelveg ville ha løyst problemet. Denne strekninga er med i vårt forslag til ny Nasjonal Vegplan. Men det vil i alle fall ta lang tid å realisere dette.
I mellomtida vil det vere naudsynt å lage parkeringsplass og legge ein gangsti langs elvebreidda for å betre tilgangen til teina. Å opne for å kunne gå til fots langs dei fossande elvestryka er ei oppleving i seg sjølv. Teina her vil vere eit høgdepunkt, sa ei interessert Tove Lise Torve .
- No må vi sørgje for å få ein plan som inneheld parkeringsplass og tursti, slik at tilgangen til Flatvadteina blir betra, seier Jostein Trædal som vil ta med Flatvadteina-prosjektet i reiselivsplana for Sunndal.