Støtte frå ordføren – lokalpressa vinklar positivt

23. mai 2008

Det vi les av referat i avisene frå ordførarbesøket, er udelt positivt.

Når Aura Avis den 21. mai ofrar omtrent heile førstesida si på Flatvadteina med stort bilde og overskrifta:

Kulturminne med nytteverdi

og på side 10 og 11:

En sjelden kulturskatt i Driva

…og på side 10 siterer avisa ordførar Tove Lise Torve slik: -Teina vil absolutt være en severdighet, som vi må vite å utnytte.

Overskrifta:

Tilgjengeligheten må bli langt bedre

er også eit veldig godt samandrag for oss. At ordføraren gjev støtte i utsegnet: -Adkomsten må vi få sett nærmere på.

….er eit sitat i stikkords form, som vi er glad for å høyre.

For å utfylle dette, så oppfatta vi ordføraren slik at ho meinte ein parkeringsplass lenger opp med gangsti langs elva til teina var eit viktig tiltak å gjere, og at det ved spleiselag mellom fleire interessentar måtte vere mogleg å realisere i nær framtid.

Avisa Driva

som kom ut dagen etter, altså den 21. mai, har stor reportasje på side 14 og 15 med overskrifta:

Levende museum i Driva

Tar vare på gammel fiskekultur

Dei fortel at “Ordfører Tove Lise Torve var ivrig og imponert på elvebredden”, og siterer henne slik:

“- Det har en stor verdi i seg sjøl at folk tar vare på gamle kulturminner, som denne teina er. I tillegg har teina en verdi som severdighet, den har et potensial som jeg håper reiselivet kan utnytte.”

Avisa Tidens Krav

har den 21. mai ein fin reportasje på side 8 under overskrifta:

Tradisjonelt fiske blir tatt opp igjen

avisa skriv om byggeprosessen og om teinefisket, og vi refererer ein tekst avisa har under eit bilete av teina:

Flatvadteina er et imponerende byggverk

Explore posts in the same categories: Bloggrull, Dagbok frå arbeidet, Handverk, Historikk, Kulturminne, Turistattraksjon

Comment: