Adresseavisen skriv om Flatvadteina
9. juni 2008
“Bygde lakseteine på gammelmåten”
Dette er overskrifta “Adresseavisen” innleiar artikkelen sin om Flatvadteina. Avisa presenterer artikkelen på side 10 med stort bilete, der underskrivne står ute på teina. Journalist Tommy Fossum spurte om å få komme og lage reportasje om teina. Å få slik fokus på eit gammalt kulturminne som ein brenn for, er eigentleg bra. Bakdelen er at det blir vel mykje personfokus. Men slik er det no ein gong aviser vinklar stoffet sitt. Avisa har også ein faktaboks om fisketeine, som forklarer fangstmetoden. Avisa viser til www.sunndal.com/flatvadteina som kjelde. Dette har resultert i godt besøk på bloggen vår i dag. Hyggeleg!