Lovforbod mot fangst på teine

14. juli 2008

Det er no gjort grundig kjent gjennom avisene at det er forbod mot å bruke teina til fangst. Første veka i juni var det flaumen som sette ein stoppar for fangststart. Men så kom den utrulege meldinga: Fylkesmannen kunne melde at det er eit klart og utvetydig lovforbod mot teinefiske. For oss var det faktisk eit lite sjokk. I ettertid kan det synast utruleg at vi ikkje visste om dette. I etterpåklokskapens klare lys ser vi sjølvsagt kor enkelt det hadde vore å klarere dette på førehand. Det er berre å lese lakselova, eller ta ein telefon til fylkesmannen. Men vi har ei slags forklaring, som er slik i kort-kort versjon: I 1980 måtte vi slutte å bruke teinene, da det kom ei direktoratforskrift gyldig i 10 år. Denne forskrifta forbaud alt fiske i elv unntatt med stang og handsnøre. Ei slik forskrifter kunne iflg. lakselova gjelde i inntil ti år. Difor vart forskrifta fornya i 1990. I år 2000 vart ikkje denne forskrifta vidareført, så da kunne i teorien teinene takast i bruk igjen, trudde vi. Det vi aldri tenkte, var at det i staden vart eit permanent forbod i lakselova. Det oppsto faktisk ei slags myte i miljøet omkring teinene om at no var det lov å ta i bruk teinene igjen. Men ingen gjorde det viktige sikringsarbeidet, og eg gjekk i baret med eit brak, da eg kunngjorde i blogg og gjennom aviser at vi planla å starte opp att teinefangsten den 3. juni.

Men for å gjere det heilt klart: Flatvadteina er ikkje brukt i år til å fange laks eller aure. Vi aktar å rette oss etter gjeldande lover og reglar.

Men korleis framtida blir for Flatvadteina er per i dag nokså uviss. Det verste var om det ikkje vart noko slags aktivitet ved teina. Da fell det meste av motivasjonen for vedlikehald bort, og eg fryktar den går i forfall rimeleg kjapt. No må vi bruke tida framover til å finne alternative bruksmåtar.

Explore posts in the same categories: Bloggrull, Dagbok frå arbeidet, Historikk, Kulturminne

Comment: