Fredag den 8. august hadde NRK Møre og Romsdal nyheitsinnslag om Flatvadteina i 19.40-sendinga si. Fokus kom på at Sunndal har eit kulturminne som ein ikkje får lov til å drive på grunn av lakselova.
Her er link til nyheitssendinga der reportasjen frå Flatvadteina er med: http://www1.nrk.no/nett-tv/oppgave/661
Vi prøvde å få fram på slutten i innslaget [...]
Archive for the 'Kulturminne' Category
NRK-nyheitene om Flatvadteina
august 9, 2008Lovforbod mot fangst på teine
juli 14, 200814. juli 2008
Det er no gjort grundig kjent gjennom avisene at det er forbod mot å bruke teina til fangst. Første veka i juni var det flaumen som sette ein stoppar for fangststart. Men så kom den utrulege meldinga: Fylkesmannen kunne melde at det er eit klart og utvetydig lovforbod mot teinefiske. For oss [...]
Adresseavisen skriv om Flatvadteina
juni 9, 20089. juni 2008
Støtte frå ordføren – lokalpressa vinklar positivt
mai 22, 200823. mai 2008
Det vi les av referat i avisene frå ordførarbesøket, er udelt positivt.
Når Aura Avis den 21. mai ofrar omtrent heile førstesida si på Flatvadteina med stort bilde og overskrifta:
Kulturminne med nytteverdi
og på side 10 og 11:
En sjelden kulturskatt i Driva
…og på side 10 siterer avisa ordførar Tove Lise Torve slik: -Teina vil absolutt [...]
Sunndalsordføraren besøkte Flatvadteina
mai 20, 200819. mai 2008
I dag hadde vi besøk av ordføraren i Sunndal, Tove Lise Torve. Til stades var også Jostein Trædal, som er ansvarleg for reiselivsplana i Sunndal. Torve følgde interessert med da vi synte korleis ei lakseteine er bygd og fungerer. Så no trur vi nok, at av dei folkevalde i Sunndal, så er [...]
Klar for fangst 3. juni
april 27, 2008Tysdag 3. juni klokka 18.00 i 2008 blir fangststart for Flatvadteina. Fiskesesongen startar eigentleg 1. juni klokka 1800. Men da dette er ein søndag, er teina ramma av forskriftene for helgefreding. Teina kan berre fange laks og sjø-aure mellom tysdag klokka 18.00 og fredag klokka 18.00, altså i tre døgn i veka. Følg med på [...]
Teine og flakagardar er komplett
april 26, 200826. april 2008
No veit vi fullt og heilt at Flatvadteina er klar for fangst for denne sesongen. I dag klokka 21:30 var også flakagarden inn mot land ferdigbygd. Da gjekk nemleg siste bolten på plass. No er alt av tre og stål som skal stå fast i elva, kome på plass. Det er berre nokre [...]
Teina ferdig
april 14, 200812.april 2008
I kveld står teina ferdig nedi elva. Vi greidde på to lange arbeidsdagar med godt mannskap å få den montert. Vi var på det meste fem karar i dag også. Vi skal ikkje stikke under ein stol at det er ei stor glede å sjå teina stå i sitt rette element. Det har [...]
Teina kom i elva
april 11, 200811.april 2008
No er det alle som kan sjå at det går framover med jobbinga i elva. I dag kom nemleg teina på plass. Teina passa perfekt ned i tapphola på grunntrea vi gjorde ferdig i fjor vinter. I dag fekk vi festa dei ni aka til grunntrea med
tømmerhakar. Dei tre dynene vart felt [...]
Inspeksjon frå kommunen
april 10, 20089. april 2008
Det hender vi får besøk når vi jobbar ved teina. Det er veldig hyggjeleg. Da dreier praten seg som regel om teinene i Driva, og om laksen i elva før og no. I dag fekk vi formelt besøk, frå Plan-, miljø- og næringstenesta ved Sunndal kommune. Det var jordbruksrådgjevar Kristin Lilleeng Andersson og [...]